Dramatikk: Ei kvinne i 40-åra skal ha reagert sterkt då ho vakna på bussen, og oppdaga at sjåføren køyrde ein omveg grunna vegarbeid.

Sovande kvinne i buss skal ha vakna og starta å skrika og fotografera sjåføren

Det skal ha skjedd då kvinna oppdaga at sjåføren køyrde ein omveg grunna vegarbeid.

Det var på bussen frå Bergen til Os, rett etter klokka 01 natt til torsdag, at hendinga fann stad.

— Julebordsesongen er i gang, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv ho at ei kvinne i 40-åra skal ha sovna på bussen. Då kvinna vakna og oppdaga at sjåføren køyrde ein omveg grunna vegarbeid, skal ho ha starta å skrika.

— Ho tok også bilete av sjåføren. Ein patrulje frå Bergen måtte tilkallast og tok kvinna med seg i retning Bergen. Det etter at ho hadde sletta bileta frå telefonen. Det blei ikkje oppretta sak på forholdet, skriv Lyssand.

Onsdag morgon hadde UP promille kontroll ved Er-An. Der skal dei ha kontrollert 54 sjåførar. Ingen blåste raudt.