Smerter: Eit par av dei involverte skal ha meldt om smerter i rygg og nakke etter ulukka.

To personar sendt til Haukeland etter ulukka fredag

Totalt fem personar var involverte i ulukka i Søvikvegen fredag morgon.

Oppdatert kl 08.30: Vegen er opna att.

Det melder politiet på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulukka skjedde mellom Kafé Ole B. og avkøyringa til Lysekloster barneskule.

Eit par av dei involverte skal ha meldt om smerter i rygg og nakke etter ulukka, men alle fem er oppegåande.

To personar er køyrd til Haukeland Universitetssjukehus. Tre er tatt med til lokal legevakt.

Tre av personane er i 50-åra, ein person er i 40-åra og den siste er 19 år.

Les også
Trafikkulukke: Front mot front i Lysefjorden

Bergingsbil er på staden like før kl 8, og bilane vil bli forsøkt flytta med det same.

Ambulanse rykte også ut, og har no køyrd frå staden.

Ingen av bilane er køyrbare.

Så langt er årsaka til ulukka ukjend, men politiet melder om glatt veg på staden.