Rastlause: Lensmann Oddbjørn Dyrdal fortel at det får meldingar om at folk samlar seg. Han meiner at ein må halda ut, sjølv om det nok er mange som er leie av ikkje å kunna vera med andre.

Stadig samlar større grupper ungdom seg på Lunde barneskule

– Vi får meldingar om større grupper, ofte ungdom, som samlar seg. Særleg Lunde barneskule er ofte nemnd, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Politiet vart kontakta då ein gjeng ungdomar var samla på Lunde barneskule for å spela volleyball tysdag ettermiddag. I 18-tida var politiet på plass og bad ungdomane om å forlata staden.

Les også
Viste bort 16–17 ungdomar frå Lunde barneskule

Politiet har sidan fått fleire meldingar om det same problemet. Større grupper som samlast på skulen for å spela volleyball.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk er bekymra, og melder frå til oss. Det er ein tendens at folk samlar seg meir i grupper no. Kanskje ungdom spesielt. Vêret har nok noko å seia, og folk er nok leie av å sitja for seg sjølve, men ein må forsøka så godt ein kan å vera uthaldande. Det er spesielt viktig no etter påska. Det har vore nokre fine dagar og det har vore fri for mange. Kan vera greitt då å venta 14 dagars tid og sjå om det gjer noko utslag, seier lensmannen.

Det er ikkje lov for fleire enn fem personar å trena saman, og det skal vera minimum to meter avstand mellom deltakarane.

– Det er éin ting, men så skal ein også respektera når ein bane eller eit idrettsanlegg er stengd.