Stal frå Rema og Kiwi, men vart stoppa på Meny

Tjuven er ein mann i 50-åra.

– Det er ein noko uvanleg profil for ein butikktjuv, seier fungerande lensmann Anne Lyssand.

Den ivrige mattjuven la ut på reinaste tjuveriraidet mandag. Etter fyrst å ha vore på Rema og stole varer, heldt han fram på Kiwi Gudridflaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då han kryssa vegen og prøvde seg på tjuveri frå dagens tredje butikk, Meny, vart han oppdaga og stoppa av betjeninga. Politiet vart tilkalla like etter kl. 16 og avhøyrde mannen på staden. Tjuven har erkjent forholdet, men saka vil bli meld til politiet.

Køyrde i hekken

Kl. 15.40 mandag fekk politiet melding om eit mindre trafikkuhell ved Søfteland skule.

Ein bil som bråbremsa fekk bilen bak i hekken. Begge førarane var uskadde, og det er snakk om mindre materielle skader.

anne-marie@osogfusa.no