I ei pressemelding opplyser vegvesenet om at rekordmange skal tilbringa påska heime i Noreg i år og det betyr stor trafikk på dei norske vegane.

Statens vegvesen vil at du skal vera litt “kylling i påsketrafikken”

Det blir oppmoda til å våga å vera litt kylling i påsketrafikken og håpar på ingen drepne eller hardt skadde.

I ei pressemelding opplyser vegvesenet om at rekordmange skal tilbringa påska heime i Noreg i år og det betyr stor trafikk på dei norske vegane. Vidare skriv dei at det kvart år går menneskeliv tapt i påsketrafikk og at statistikk viser at det er for mange hardt skadde.

— Vi går for “nullen” i årets påsketrafikk, seier vegdirektør, Ingrid Dahl Hovland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho oppmodar bilistane til å senka farten.

— Du skal kanskje på noregsferie, på hytta, til svigerfamilien eller til venninnegjengen. Hugs at du også skal trygt heim att.

Vegdirektøren har nokre konkrete tips til korleis ein kan vera ein god sjåfør i påsketrafikken.

— Tilpass farta etter vêr- og føreforhold, bruk bilbelte, køyr rusfritt, pakk bilen rett, planlegg turen og ha merksemd på vegen.

Vidare skriv vegvesenet at fleire skal over fjellet i påska og at det kan vera krevjande strekk.

— Både fordi køyreforholda kan vera utfordrande, og fordi at du som sjåfør kanskje ikkje køyrer der så ofte. Planlegg reisa godt og pakk både varme klede, mat og god tid i påskebagasjen.