Pressekonferanse for born: Statsminister Erna Solberg hadde, i lag med barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby, ein eigen pressekonferanse for born om koronaviruset måndag føremiddag.

Statsministeren heldt pressekonferanse for born

Mange born har spørsmål om koronaviruset. Måndag søkte statsminister Erna Solberg å svara på nokre av dei.

Då arrangerte regjeringa, i samarbeid med NRK Supernytt og Aftenposten Jr, ein eigen pressekonferanse for born.

Med seg på pressekonferansen hadde statsministeren barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pressekonferansen var ikkje open for vaksne journalister, men born kunne senda inn spørsmål til dei tre ministrane til NRK Super eller Aftenposten Jr på førehand.

Dersom du gjekk glipp av pressekonferansen tidlegare i dag, kan du sjå heile her.