Stengde bommar: Klokka 08.35 tysdag var bommane stengde, men no skal problemet vera løyst.

Stengde bommar også tysdag morgon, men no skal problemet vera fiksa

— Det har vore problem med ein servar. No skal det forhåpentlegvis vera i orden.

Det seier kommunedirektør Christian Fotland etter at bommen til pendlarparkeringa på den gamle Circle K-tomta og bommen til parkeringa framfor Rådhuset var stengt då folk kom på jobb tysdag morgon.

Les også
Kommunen gløymde å stilla klokka

— Me har meldt frå til selskapet som leverer tenesta og purra på, men likevel såg me at bommen ikkje var open til rett tid i dag heller. Det beklagar me, men nett no ser eg han er blitt opna, seier Fotland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka var då 08.43.

— Kva er det som har vore problemet?

— Det er overgangen etter at me skrudde klokka i helga. Dei seier dei har hatt problem med ein servar som ikkje har reagert på ny tid, seier Fotland.

– Men no skal det vera i orden.