E39: Vegen mellom Moberg og Lepsøykrysset vert stengd i ein halvtime fredag kveld. Deretter blir det manuell dirigering.

Stengjer E39 mellom Moberg og Lepsøy-krysset

Skal reparera «kritisk infrastruktur» fredag kveld.

Fredag frå klokka 21 til 21.30 blir E39 mellom Beredskapssenteret på Moberg og Lepsøy-krysset, stengt.

Det melder Vegtrafikksentralen på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka til stenginga er reparasjon av kritisk infrastruktur.

Det vil bli manuell dirigering på vegstrekninga frå klokka 21.30 til klokka 01.00 natt til i morgon, laurdag.