Sett strek: – No er det sett strek, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om kommuneoppløysingar.

Støre: Ingen fleire kommuneoppløysingar

Regjeringa kjem ikkje til å løysa opp fleire norske kommunar no, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Dei siste vekene har det vore mykje bråk om kommunestrukturen både på Sørlandet og i Rogaland.

Les også
– Tidlegare var det «Eikelandsosen som fekk alt». No er det Os
Les også
Dei stemte for samanslåinga i 2016. Dette tenkjer dei i dag

– No er det sett strek. No kjem det ikkje fleire slike saker. No har vi kome gjennom dei sakene som låg der då vi kom i regjering, seier Støre til NRKs Politisk kvarter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vekte sterke reaksjonar då regjeringa nyleg valde å seia ja til at Søgne og Songdalen kan få halda folkeavstemming om lausriving frå Kristiansand, som dei blei slått saman med i 2020. Bystyret i Kristiansand sa nei til oppløysing like før jul.

Les også
– Intensjonsavtalen var utdatert alt på tidspunktet for samanslåinga
Les også
– I saker som denne er det ofte mykje synsing. Folk seier ditt og datt

I tidlegare Forsand kommune i Rogaland har eit innbyggjarinitiativ tatt til orde for at den delen av av kommune som frå 1. januar 2020 blei ein del av Sandnes, skulle overførast til Strand. Men onsdag vedtok Kommunal- og distriktsdepartementet at grensa ikkje skal endrast.

Les også
Difor er kommunedirektøren heilt overtydd om at tenestene er betre no enn i gamle Os og Fusa
Les også
Ein treng ikkje vera rakettforskar for å forstå at Fusa vert sitjande igjen med lite på lang sikt