Oppklarande: Støre trur eit møte om lakseskatten på fredag vil vere oppklarande for næringa.

Støre varslar oppklaring om lakseskatten

Fredag vil regjeringa oppklara spørsmål rundt den foreslåtte lakseskatten, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Men han vil ikkje stadfesta endringar.

– Fredag er det eit møte mellom finans- og fiskeriminister, og dei største aktørane i næringa. Det trur eg kjem til å oppklara ein del ting, seier Støre.

Han vart onsdag spurt ut av Høgre-leiar Erna Solberg i Stortinget om regjeringsforslaget til grunnrenteskatt på havbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Solberg uttrykte uro for oppdrettsselskap som ikkje tør inngå langsiktige avtalar fordi dei ikkje veit korleis skattesystemet blir og kva pris som blir lagt til grunn for skatten.

– Dette er på veg til å dra beina under mykje av marknadsarbeidet, sa ho.

Støre påpeika at forslaget førebels er ute på høyring, og at regjeringa er i dialog med næringa. Men han ville ikkje stadfesta om det kjem endringar i regjeringsforslaget på fredag.

– Dei største aktørane hadde eit overskot på 18 milliardar kroner i fjor og tok ut 7,2 milliardar kroner i utbytte. Det er rimeleg med meir skattlegging, sa han.