Brenzy, Emma, Alva og Maya leidde an i «Bli med»-dansen under jubileumsfesten i Hjellemarka FUS barnehage fredag.
Brenzy, Emma, Alva og Maya leidde an i «Bli med»-dansen under jubileumsfesten i Hjellemarka FUS barnehage fredag.

Storesøstrene leidde an i dansen

Fredag feira Hjellemarka FUS barnehage 10-årsjubileum. Eit sjølvsagt innslag på festen var «Bli med»-dansen.

Eit stort oppmøte av foreldre, søsken og øvrig familie sytte for verdas beste publikum då barnehageborna slo seg laus i skråinga bak barnehagebygget.

Heilt fremst stod fire tidlegare barnehageborn og leidde an i dansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er storesøstrer til born som går her no. Dei kan dansen så godt, så då passa det fint at dei ville stå framme og føra an, blir Os & Fusaposten kviskra i øyret av ein tilsett.

Nokre sekund etter får me vita at dei flinke fordansarane heiter Brenzy, Emma, Alva og Maya.

Fullt program

Hjellemarka FUS barnehage opna i Vesterlio ved Søfteland skule i 2009. I talen for dagen fortalde dagleg leiar Birte Strømsø Holsen litt om dette.

Ikkje alle var like fokuserte på talaren då dagleg leiar Birte Strømsø Holsen fortalde om historikken til Hjellemarka FUS barnehage.
Ikkje alle var like fokuserte på talaren då dagleg leiar Birte Strømsø Holsen fortalde om historikken til Hjellemarka FUS barnehage.
Birte Strømsø Holsen og Marita Wiers var levande blink utover ettermiddagen. Her er det ei lita jente som treffer nett der ho skulle.
Birte Strømsø Holsen og Marita Wiers var levande blink utover ettermiddagen. Her er det ei lita jente som treffer nett der ho skulle.
Diskoen i uthusbygget såg ut til å fengja. Kanskje blir fredagsdisko ein tradisjon i Hjellemarka barnehage framover.
Diskoen i uthusbygget såg ut til å fengja. Kanskje blir fredagsdisko ein tradisjon i Hjellemarka barnehage framover.
Fleire heiv seg med på «Bli med»-dansen.
Fleire heiv seg med på «Bli med»-dansen.
Skal ein sjå i eit slikt folkehav må ein opp på ein høgenhest.
Skal ein sjå i eit slikt folkehav må ein opp på ein høgenhest.
Borna hadde brukt mykje tid på å pynta og å laga til. Her ser ein korleis dei «krona» heile dagen.
Borna hadde brukt mykje tid på å pynta og å laga til. Her ser ein korleis dei «krona» heile dagen.
Maja (4) var godt nøgd med andletsmålinga ho hadde fått seg.
Maja (4) var godt nøgd med andletsmålinga ho hadde fått seg.

– Dei som jobba der då, og eg som starta i 2011, prata lenge om at me skulle flytta til flett ny barnehage om kort tid. Etter kvart som tida gjekk, vågde me ikkje lenger seia noko om flyttedatoen, humra Holsen.

Først i april 2016 fekk gjengen flytta barnehagen til Hjellemarka.

– Det tok tid, men me er strålande nøgde. Dette er ein fantastisk flott barnehage, som me er veldig stolte av. 23 flinke og greie tilsette og vel 70 flotte born. Me har det fint, slår leiaren fast.

Disko og svampekast

Etter dansen var det tid for aktivitetar og moro. Dagleg leiar Birte måtte i lag med kollega Marita Wiers stilla seg lageleg til for hogg. Iført gult regnty var dei levande blinkar for born som ville kasta med dyvåt svamp.

I utebygget ved inngangsporten var veggar og tak dekorerte med sølvpapir, farger og farga lys. Her fekk borna starta helga med å slå ut håret og dansa til «Bli med»-songen og annan musikk i sin eigen diskoklubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no