Trafikkontroll: UP-betjentane stod på Halhjemsvegen i kring halvannan time tysdag ettermiddag. Onsdag var dei tilbake for å gjennomføra ny kontroll.

Storfangst på Halhjemsvegen to dagar på rad

Utrykkingspolitiet har både tysdag og onsdag hatt trafikkontroll i 70-sona på Halhjemsvegen.

Tysdag fekk 16 sjåførar eit forenkla førelegg etter å ha køyrd for fort i 70-sona på Halhjemsvegen. Det var også to som fekk førelegg for manglande beltebruk.

Ein av dei som køyrde for fort tysdag, var nære ved å mista sertifikatet, då vedkomande køyrde i 95 km/t.

Artikkelen held fram under annonsen.

— 1 km/t frå. Det var nett så vidt føraren fekk lov til å køyra vidare, stadfesta UP-betjenten til Os & Fusaposten tysdag.

I ein e-post torsdag, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Atle Birkeland, at Utrykkingspolitiet (UP) gjennomførte ein trafikkontroll også onsdag. Dei skal ha vore på staden i tidsrommet 12.00-14.00.

— Det blei skriven ti forenkla førelegg. Den med høgast fart blei målt til 88 km/t, skriv Birkeland.

Køyrde utfor i Hegglandsdalen

Vidare skriv Birkeland om ei hending i Hegglandsdalen.

— Like før klokka 05.00 kom det inn melding om ein bil som hadde køyrd av vegen i Hegglandsdalsvegen. Ingen skader på køyretøy eller involverte, men førar blir meld for køyring utan gyldig førarkort.

Tjuveri av elsparkesykkel

Onsdag ettermiddag skal ein elsparkesykkel ha blitt stolen frå Os ungdomsskule.

— Det er ein svart sparkesykkel med noko kvitt på, av merket “Ninebote”, skriv Birkeland og legg til at politiet er interesserte i tips i saka.

Null reaksjonar

Onsdag kveld hadde UP og Statens vegvesen trafikkontroll i Kolskogen med fokus på tyngre køyretøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Totalt 21 køyretøy blei kontrollerte. Ingen reaksjonar, skriv Birkeland.