Ivra: Ordførar Trine Lindborg var ei av dei som ivra for å få i stand ein lokal støttetelefon.

Støttetelefonen har blitt lite brukt - blir avvikla inntil vidare

Den lokale støttetelefonen og -chatten for Bjørnafjorden kommune blei oppretta 24. mars. No vert tilbodet avvikla etter å ha vore lite brukt.

- Eg er glad vi fekk opp dette tilbodet i den første, uoversiktlege fasen av koronautbrotet, slik at dei som hadde behov kunne ta kontakt, spesielt i den ekstra stille påskeveka, seier ordførar Trine Lindborg på kommunen sine nettsider. Ho var ei av dei som ivra for å få i stand ein lokal støttetelefon.

Les også
Nytt lågterskeltilbod i krisetid: - Dette har vore svært viktig for meg som ordførar

- Telefonen og chatten har vore lite brukt, kanskje fordi det er mange gode nasjonale tilbod. Vi ser at dei dyktige fagfolka frå helse- og oppvekstområdet som har bemanna telefonen, no trengst meir i dei vanlege jobbane sine, held Lindborg fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom situasjonen og behovet skulle endra seg, påpeikar ordføraren at «kommunen har folka, systema og rutinane på plass og kan opna tilbodet på nytt i løpet av kort tid».

Les også
Eit team på 17 personar sit klart for å hjelpa deg