Usikkert: – Situasjonen me er i gjev usikkerheit kring organiseringa av større arrangement i slutten av mai. Me treng forutsigbarheit for å arrangere marknaden, seier Peter-Hans de Zwarte.

Strandvikmarknaden er avlyst

Marknadsgjengen har bestemt seg for å avlysa årets arrangement på grunn av koronapandemien.

– Situasjonen me er i gjev usikkerheit kring organiseringa av større arrangement i slutten av mai. Me treng forutsigbarheit for å arrangere marknaden, seier Peter-Hans de Zwarte.

Sjølv om dei plutseleg skulle få løyve, veit dei ikkje kor mange standar som kjem på kort varsel, og vel difor å avlysa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor og musikklag har ikkje fått øvd til song- og musikkstemnet, og frukostbuffeen med folk frå alle krikar og krokar, kan framleis vera ei smittekjelde. Strandvik Marknaden er for alle. Ut frå desse vurderingane vel marknadsgjengen å avlysa årets marknad, seier de Zwarte og held fram:

– Me har sett nye rekordar kvart år. I staden for å arrangera noko halvvegs, som likevel kan bli avlyst, ynskjer me alle hjarteleg velkomne til ny rekordmarknad i 2021.