Åtvaring: Bilføraren som vart stogga på Halhjemsvegen torsdag ettermiddag fekk ei åtvaring og beskjed om å køyra fint vidare.

Stygg køyring på Halhjemsvegen. Sleppte unna med ei åtvaring

Like etter klokka 16 torsdag fekk politiet i Os melding om stygg køyring på Halhjemsvegen.

– Føraren, ein mann i midten av 20-åra, vart stogga og fekk tilsnakk av politiet. Føraren fekk ei åtvaring før han fekk køyra fint vidare, opplyser fungerende straffesaksansvarleg ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Maren Nordang.

Nordang fortel at politiet, den siste tida, har fått inn ein del klagar på støy og stygg køyring frå bilar og motorsyklar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle som ferdast i trafikken har sjølv ansvar for å forholda seg til gjeldande trafikkregler, samt å ta omsyn til andre som ferdast i og utanfor trafikken. Politiet kjem til å ha fokus på dette for å førebyggja farlege situasjonar og ulukker, er beskjeden frå politiet.