SV vil auka rammene til sektorane med over 80 millionar
Føreslår nye satsingar på område partiet meiner kommunen ikkje leverer bra nok på i dag.
– Dei siste åra har vist oss at det ikkje lèt seg gjera å trekkja rammene ytterlegare ned, utan å gå på akkord med liv, helse og lovpålagde minstekrav. I mange år har ulike, politiske fleirtal vedteke budsjett med for høge inntekter og for låge utgifter. Med dette budsjettet sluttar kommunen å tæra på sparepengane i 2027, skriv SV i innleiinga til budsjettet sitt.
Der vert også dei to viktigaste satsingane i budsjettet lansert: Ungdomspakken og Ein betre eldreomsorg.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I lang tid har vi sett at talet på ungdomar med utfordringar har auka. Fleire eksperimenterer med rusmiddel tidleg, og lærarar rapporterer om auka vald og utagering. Dette er ikkje berre eit problem for dei det gjeld, det er eit problem for dei rundt, og, på sikt, heile samfunnet. Kvar ungdom som hamnar utanfor arbeidslivet i vaksen alder kostar samfunnet meir enn 15 millionar i snitt, vert det påpeika.
Gjennom ungdomspakken ønskjer SV å styrkja miljøarbeidet i skulane. Partiet set av 12 millionar til mellom anna miljøterapeutar, miljøarbeidarar og ei utviding av ungdomsteamet.
– Målet er å fanga opp og hindra at enkeltelevar hamnar utanfor.
Vidare ønskjer partiet å bruka pengar på både kommunepsykolog (1 million i 2025, 1,5 millionar i 2026), fleire helsesjukepleiarar (2,5 millionar i 2025, 3 millionar i 2026) og lågterskel familierettleiing (1,2 millionar).
Ifølgje budsjettframlegget skal Ung Arena, Open hall i Fjord´n Arena og Os Aktiv få midlar til å utvida drifta. Det same gjeld kulturskulen.
– Aktivitetane gir ungdom positive opplevingar, byggjer sjølvtillit og skapar sterke fellesskap.
Alt i alt aukar SV oppvekst sine budsjettrammer med nesten 35,8 millionar i 2025, 58,9 millionar i 2026 og 75,9 millionar i 2027-2028.
20 millionar til betre bemanning
Når det gjeld eldreomsorg, skriv SV følgjande: Eldreomsorga i Bjørnafjorden kommune er kraftig underfinansiert. Sektoren møter like fullt nye krav om kutt kvart einaste år. SV vil ikkje godta denne utviklinga, og føreslår kraftige styrkingar av sektoren.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei eldre får ikkje den omsorga dei fortener og har krav på. Dei tilsette må springa fortare og fortare. Strikken er allereie strekt for langt, noko sjukefråværet er eit teikn på, meiner partiet.
Samstundes er partiet klar på at ein må driva effektivt, og satsa på velferdsteknologi og nye buformer for å sikra ei meir berekraftig eldreomsorg.
– Vi kjem til å trenga alle dei kloke, omsorgsfulle og dyktige hendene vi har i eldreomsorga i dag også i framtida. Om ikkje Bjørnafjorden klarer å oppretthalda ei forsvarleg bemanning gjennom omstillinga vi står overfor, vil vi mista uvurderleg kompetanse som vi er avhengig av, skriv partiet, som tek til orde for å investera i eldreomsorga for å kunna hausta fruktene i form av kostnadseffektiv drift, betre tenester og ein betre arbeidskvardag.
SV har sett av 20 millionar til betre bemanning i eldreomsorga i 2025. I resten av økonomiplanperioden vert beløpet auka til 40 millionar. Partiet ønskjer også auka bemanning innan psykiske helse og rus, samt i bufellesskapa.
I tillegg føreslår partiet å gjeninnføra desse tiltaka: Kreftkoordinator, Crux Vindfanget og friskliv og mestring. SV tek også til orde for auka sosialstønad, auka sosialhjelpssatsar og å setja ned leiga i omsorgsbustader og kommunale bustader.
I helse og velferd utgjer endringane som er lagt inn vel 40 millionar i 2025, 61 millionar i 2026 og 71 millionar i 2027-2028.
1 og 2 promille eigedomsskatt i 2025
I kommunedirektøren sitt budsjettforslag vert ramma ramma til biblioteket redusert med fire millionar kroner, frå 6,8 millionar til 2,8 millionar, i 2027. SV meiner forslaget er ei rasering av tilbodet, og ønskjer ikkje å akseptera det.
– Biblioteket skal vera eit samlingspunkt. Når dagens leigeavtale går ut, meiner vi kommunen bør nytta høvet til å finna ein ny plassering meir sentralt i Osøyro. Biblioteket treng også meir pengar til bemanning og innkjøp av bøker, skriv SV og aukar overføringane til biblioteket med 1,5 millionar i 26 og 26, og 6 millionar i 2027 og -28.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alt i alt vert rammene til sektorane auka med litt over 80 millionar i 2025. I 2027-2028 er summen auka til 155 millionar.
– Skal budsjett og økonomiplan vera forsvarleg må også inntektene aukast på ein realistisk måte.
Det gjer partiet ved å innføra eigedomsskatt.
– Ein kan gjera som det store fleirtalet, tømma sparegrisen heilt før ein innrømmer at det er naudsynt, men naudsynt er det, akkurat som det er for eit stort fleirtal av norske kommunar, påpeikar partiet.
SV budsjetterer med 1 promille eigedomsskatt i 2025 for hus og hytter. Frå 2026 aukar skatten til 3 promille, men med eit botnfrådrag på 500.000 kroner.
For næringseigedomar er det budsjettert med 2 promille i 2025, 4 promille i 2026 og 5 promille frå 2027 og framover.
SV brukar meir premiefond enn kommunedirektøren i -25.
I 2026 vert summen redusert, og i 2027 og -28 er budsjettet utan bruk av premiefond.
Artikkelen held fram under annonsen.
Partiet føreslår også å redusera løna til ordførar og varaordførar (400.000 kroner) og å redusera talet på politiske møte (200.000 kroner).