Skal ha sprunge i vegen: Ein mann, som skal ha vore svært rusa, sprang i Byvegen natt til søndag.

Svært rusa mann sprang i vegen: — Kunne ikkje gjera greie for seg

Meldinga kom inn til politiet natt til søndag.

Det var klokka 02.50 at politiet fekk melding frå ein som skal ha observert ein svært rusa person i Byvegen. Vedkomande skal ha sprunge i retning Os.

— Politiet drog til staden og fekk mannen i tale. Han kunne ikkje gjera greie for seg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen, som er i 30-åra, blei køyrd heim av patruljane.

To promillekontrollar

Søndag morgon gjennomførte politiet promillekontroll i Hjellemarka. Der blei 33 sjåførar kontrollerte. Ingen reaksjonar.

Tidleg måndag morgon, var politiet ute i felten og gjennomførte nok ein promillekontroll. Denne gongen i Nedre Lønningdal. Der blei 63 sjåførar kontrollerte, og heller ikkje her fann politiet noko å reagera på.