Karantenetid: Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale understrekar at det er svært viktig at dei som no testar seg held seg i karantene heilt til dei har fått negativt svar på test nummer to.

– Svært viktig å venta på test nummer to

For dei mange som no testar seg etter smittetilfellet på ein privatfest på Kuventræ, er det viktig å ikkje ta svaret på den første testen for god fisk.

— Dette er ei skummel fallgruve. Ein skal testa seg snarast om det er mistanke om koronasmitte, men ein kan også risikera at den første testen er falsk negativ, rett og slett fordi viruset ikkje har fått utvikla seg lenge nok til å bli påvist, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Han konstaterer at det er nettopp difor ein har innført systemet med at folk skal testa seg på ny etter seks dagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ein må heller ikkje ta for god fisk at om venene som ein har vore mest i lag med har fått negativ test, på både den første og den andre testen, så er ein trygg sjølv. Dei einaste testane som betyr noko, er dei ein tek sjølv. Først om den andre testen visar at ein er negativ, så veit ein at ein ikkje er smitteførande, slår Nordvik Dale fast.