Hang godt med: Os hang godt med i starten og kom til halvsjansar.

Tapte cupkampen, vann festen

Brann vart for sterke i 2. runde i NM, men det vart likevel cupfest på Kuventræ.

Heile 2.300 publikumarar hadde funne vegen til NM-oppgjeret mot raudtrøyene frå Bergen.

Os gjekk hardt ut og hang godt med i starten av kampen. Nokre tilløp til sjansar vart det på dei gulkledde, før Brann tok meir og meir over.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Dette seier Brann-trenaren om Os etter cupoppgjeret
Les også
2.300 publikumarar tok turen til Kuventræ

I det 17. minutt kom første skåringa til gjestene, signert Bård Finne.

Eit sjølvmål og skåring nummer to for Finne, gjorde at det stod 0-3 til pause.

Fulle tribunar: Heile 2.300 publikumarar hadde funne vegen til NM-oppgjeret mot raudtrøyene frå Bergen.

Etter kvilen var Bård Finne på plass og skåra sitt tredje for dagen og Branns fjerde, på pasning frå ein uegoistisk Niklas Castro.

Roger Blokhus Ekeland reduserte for vertane, før Bård Finne sette sitt fjerde for dagen.

Heimelagets andre sjølvmål og nok eit mål frå Finne, gjorde at det enda 1-6 på Kuventræ.

Men festen på tribunen vann osingane. Me kjem med meir frå både folkelivet og dei involverte på banen.

Tøffe duellar: Cup-kampen baud på tøffe duellar.