Telia utvidar 5G-nettet i Norge: No får 87 nye byar og kommunar tilgang på mobilteknologien det neste halvåret. Illustrasjonsfoto.

Telia utvidar 5G-nettet: Desse stadene får mobilteknologien det neste halvåret

Meir enn to av tre nordmenn har no tilgang på 5G-nett. No utvidar Telia nettilgangen vidare

– Neste halvår vil mange byar og kommunar i mellom anna Møre og Romsdal, Trøndelag, Vestfold og Telemark og Vestland få 5G frå Telia med høgare fart, betre kapasitet og ikkje minst god dekning, seier administrerande direktør Stein-Erik Vellan i ei pressemelding.

I Vestland vil desse kommunane få 5G i haust: Alver, Askvoll, Aurland, Austevoll, Bjørnafjorden, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Kvam, Luster, Lærdal, Osterøy, Samnanger, Sogndal, Solund, Stad, Stord, Stryn, Sunnfjord, Sveio, Ullensvang, Vaksdal, Vik, Voss og Årdal

Artikkelen held fram under annonsen.

Kampen om utbygging av 5G-nettverket står mellom Telia, Telenor og Ice. I tillegg til Telia er også Telenor godt i gang med utbygginga i store delar av landet i 2022, medan Ice har starta i Oslo.