Test lokalkunnskapane dine - bli med i årets julekalender

Premien er eit gåvekort på heile 10.000 kroner.

I årets julekalender har vi samla 24 lokale spørsmål. Svaret for kvar luke, kjem påfølgjande dag.

Tek du ikkje svara på husken, kan du finna svar i spaltene våre, anten på osogfusa.no eller i eAvisa vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle rette svar er med i trekkinga. For ordens skuld minnar me om at kvar enkelt berre kan senda inn eitt svar per luke.

Send svaret ditt til kundeservice@osogfusa.no.

I år er alle premiane samla i éin stor hovudpremie - eit gåvekort hos «Ditt gavekort» til ein verdi av 10.000 kroner. Premien er sponsa av Agnar Skåtun AS.

Gåvekortet kan nyttast på meir enn 4.000 butikkar på nesten 80 kjøpesenter og på over 70 hotell.

Me trekkjer den heldige vinnaren i romjula.

Lukke til!