15 tilsette: Osbuss har i dag 15 fast tilsette og har levert transporttenester sidan 1995.

Tide kjøper Osbuss AS

Tide kjøper turbusselskapet Osbuss frå Modalen-Eksingedal billag.

- Tide satsar stort på kommersiell verksemd i heile Noreg, og til tross for at det er utfordrande tider i turbransjen på grunn av Covid-19, ser vi på dette som eit veldig spennande oppkjøp for framtida. Vi overtar ei rekke dyktige tilsette, flotte turbussar, lokalkjennskap og nærleik til marknaden på Os, seier kommersiell direktør i Tide, Christine Flataker Johannessen, i ei pressemelding.

Ho fortel at Tide ser fram til å «overta ein aktør som allereie har et svært godt omdømme, solid lokalkunnskap og dyktige sjåførar».

Artikkelen held fram under annonsen.

Knut Moe, dagleg leiar i Mebas, seier han er veldig glad for at Tide no kjem inn på eigarsida i selskapet. Vurderingane rundt eit sal av selskapet begynte allereie før Covid-19-pandemien. Osbuss har i dag 15 fast tilsette og har levert transporttenester sidan 1995.

- For Osbuss sin del vil dette bety at dei får eit større nettverk, større føreseielegheit og økt ordremengde, og det er eg veldig glad for på vegner av våre trofaste kundar og alle som jobbar i selskapet. Tide er villig til å satsa på turmarknaden, har fleire langsiktige avtalar og er ein seriøs aktør i marknaden med gode strukturar og sunne verdiar. Vi har no funne ei god løysing for det vidare eigarskapet i Osbuss, seier Moe.

Dei tilsette i Osbuss har allereie blitt orientert om eigarskiftet.