Os gymnas: Ein tilsett har fått påvist covid-19.

Tilsett ved Os gymnas koronasmitta

Ein tilsett på Os gymnas har fått påvist covid-19.

Det melder Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen opplyser også at 13 elevar og ein tilsett ved gymnaset vart sett i karantene 4. mai. Det vert ikkje opplyst om bakgrunnen for dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er den tilsette som no har fått påvist koronasmitte.

— I og med at vedkomande alt sat i karantene, utløyser ikkje dette nye nærkontaktar eller nye som må gå i karantene, forklarer rektor Kjersti Daland.