Samordna: - Dette blir gjort for å sikra samordna tiltak i heile bergensregionen, i staden for at kvar enkelt kommune må innføre eigne lokale reglar, seier ordførar Trine Lindborg.

Tiltaka trer i kraft kl 21: – Vi treng felles, forsterka smitteverntiltak

Det seier ordførar Trine Lindborg (Ap) etter at det no er klart at regionale smitteverntiltak trer i kraft frå fredag kveld kl 21.

Fredag 3. desember klokka 21, innfører Bjørnafjorden kommune og dei andre kommunane rundt Bergen forsterka smitteverntiltak for regionen.

Les også
Regionale smitteverntiltak frå fredag kveld: Påbod om heimekontor «der det er mogleg»

– Høgt smittepress og stor belastning på helsevesenet i regionen vår gjer at vi treng felles, forsterka smitteverntiltak for alle kommunane i bergensregionen. Dette er bakgrunnen for at Bjørnafjorden m.fl. no får innført éi felles forskrift for alle kommunane. Dette blir gjort for å sikra samordna tiltak i heile bergensregionen, i staden for at kvar enkelt kommune må innføre eigne lokale reglar, seier ordførar Trine Lindborg i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye forskrifta erstattar gjeldande lokal forskrift.

Dette gjeld i Bjørnafjorden frå i kveld:

Munnbind

Påbod om bruk av munnbind på butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport, taxi og på veg ut og inn av serveringsstader.

Påbodet gjeld ikkje:

*Barn under 12 år

* Personar som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind

* På fast tilvist plass eller ved bord på serveringsstad

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommuneoverlegen i Bjørnafjorden anbefaler sterkt at du brukar munnbind på innandørs arrangement og utandørs der det er tett med folk, til dømes på veg ut frå eit arrangement eller på ein julemarknad.

Arbeidsstad

Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg - utan at det går utover viktige og nødvendige tenester - skal syta for at tilsette jobbar heimefrå heile eller delar av veka.

Arrangement

Maksimalt 100 personar kan vera samla til private arrangement innandørs på offentleg stad eller i leigde/lånte lokalar. Dette gjeld til dømes julebord og andre private festar og selskap for familie og vener eller sosiale samlingar i samband med jobb eller skule. Arrangementet skal ha éin eller fleire personar med ansvar for å føra oversikt over deltakarar og bidra til at smittevernreglane blir følgde.

Maksimalt 600 personar i kohortar på 200 på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar.

Merk: Avgrensinga gjeld ikkje der det er faste tilviste plassar, som til dømes kulturhus, kinosalar og konsertsalar. Men vi anbefaler at du brukar munnbind om du ikkje kan halda 1 meters avstand til sidemannen.

Serveringsstader

Artikkelen held fram under annonsen.

Serveringsstader og arrangørar har plikt til å registrera gjester for å kunna varsla i ettertid om smitteeksponering.

Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.

Krav om sitteplassar for serveringsstader med skjenkeløyve.

Smittekarantene - anbefaling

Kommuneoverlegen i Bjørnafjorden anbefaler i tillegg sterkt at barn 0-18 år følgjer same reglar for smittekarantene ved smitte i husstanden som personar over 18 år.

Dersom nokon i husstanden er smitta, praktiserer Bjørnafjorden altså at heile husstanden, inkludert barn og unge under 18 år, skal vere i smittekarantene til første negative test. I tillegg skal dei testa seg på nytt etter eit gitt testregime.

– Vi greier ikkje å stansa smittespreiinga så lenge resten av husstanden til ein smitta person går i barnehagen, skulen eller på jobb før dei har testa negativt. Difor er det så viktig at heile familien til ein smitta person testar seg før dei går ut blant folk igjen, kommenterer kommuneoverlege Klaus Melf.

I tillegg anbefaler regjeringa å halda avstand, unngå handhelsing og klemming, og at vaksne reduserer talet på nærkontaktar noko.