Lyktestolpe på hell: Tippen på lastebilen tok med seg både leidningar, og lyktestolpen som stod i hagen til Endre Lund og Amalie Lindborg Bøyum.

– Tippen var nok ikkje heilt nede, men leidningane har hengt lågt i lang tid

BKK er på staden for å rydda opp i straumleidningane som ligg over Torkjelsvegen.

Tidlegare i formiddag var ein lastebilsjåfør uheldig i Torkjelsvegen. Naboar vakna til eit brak då tippen til lastebilen tok opp i leidningane og røska både dei og ein lyktestolpe ned. Lyktestolpen, som stod i hagen til Endre Lund og Amalie Lindborg Bøyum, tok med seg delar av gjerde deira.

Les også
Vakna til eit brak i Torkjelsvegen

Lastebilsjåføren fortel at tippen på lastebilen nok ikkje var heilt nede.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men leidningane har uansett hengt lågt,og ikkje fire meter over bakken slik dei skal, seier lastebilsjåføren.

På staden: BKK er på plass for å fiksa opp i leidningane som ligg over vegen.

Kenneth Leirvåg i BKK kom til staden kring kvart over elleve. Han fortel at det er vanskeleg å seia kva tid oppryddingsarbeidet er ferdig.

Ingen hus skal vera utan straum no, men kommunikasjonsrådgjevar i BKK Nett, Anne Mette Tuvin, seier at det kan henda at dei grunna arbeid på staden, må kopla ut i ein periode.

Divisjonssjef i BKK Enotek AS, Geir Noss, opplyser om at BKK Nett vil varsla dei når dei er ferdige med utbetring, slik at dei kan ordna veglyset som er på same stolpe.