Bortvist: Ein 38 år gamal mann vart bortvist etter å ha laga bråk utanfor Catten.

Tissetrengte og bråkete herremenn i Os sentrum

Tre menn pådrog seg politiets merksemd natt til søndag.

Klokka 01.17 vart ein 26 år gamal mann observert i sentrum der han, i fylgje politiet, «skulle eller mogleg hadde urinert».

Mannen fekk ei åtvaring av patruljen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 4 vart ein 38 år gamal mann bortvist frå sentrum etter at han skal ha laga bråk utanfor utestaden Catten.

Han fekk pålegg om å halda seg borte frå sentrum til kl 8 søndag morgon.

Også ein 46 år gamal mann vart vist bort frå sentrum, med pålegg om å halda seg borte til klokka 12 søndag.

Her galdt same årsak som for 26-åringen, altså at han «skulle eller mogleg hadde urinert»