(
(

Tjuveri frå anleggsområde

Nokon har forsynt seg frå anleggsområdet i Gåsakilen på Søfteland.

Det var eigaren sjølv som melde frå til politie.

– Tjuveriet blei oppdaga søndag i 18-tida. Det er ein kappsag av merket DeWalt, som er eit populært merke og lett å kjenna igjen med dei gule og svarte fargane. Om nokon veit noko, eller har sett ein slik kappsag, er det berre til å melda frå til politiet, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.