Ulukke: To bilar er involvert i ulukka.

To bilar i bilulukke ved rundkøyring på E39

Politiet er på staden.

Klokka 22.35 fekk politiet melding om ei bilulukke i ei rundkøyring på E39 på Ulven.

To bilar er involverte, og eit førebels ukjend tal personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre minutt før klokka 23, opplyser Politiet på Twitter at dei er på staden.

Alle dei involverte skal vera ute av bilane. Det er ikkje meldt nokon personskade.