Koronavirus: — Born i ventekarantene treng ikkje testa seg, med mindre dei har symptom på luftvegsinfeksjon, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

To born i Skorvane Fus barnehage i karantene

Borna i to avdelingar i barnehagen må i ventekarantene.

To born i Skorvane FUS barnehage er nærkontaktar til eit påvist covid-19-tilfelle i ein annan kommune, og er sett i karantene.

Det opplyser Bjørnafjorden kommune på si heimeside i dag, fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ventekarantene

Borna i to avdelingar ved barnehagen må vera i ventekarantene til dei to nærkontaktane har testa negativt på første test.

Testresultatet er truleg klart i morgon, laurdag.

Barnehagen har informert føresette og tilsette. Alle born som skal i ventekarantene er no henta.

— Born i ventekarantene treng ikkje testa seg, med mindre dei har symptom på luftvegsinfeksjon, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Familie eller husstandsmedlemer til born i ventekarantene, treng ikkje vera i ventekarantene, med mindre barnet har symptom.