Påvist covid-19: To elevar ved Os vidaregåande skule er koronasmitta.

To elevar ved Os vgs har fått påvist covid-19

Verken medelevar eller tilsette må i karantene.

Vestland fylkeskommune melde mandag og tysdag om to elevar ved skulen som har fått påvist covid-19.

I føremiddag melde Bjørnafjorden kommune at to kvinner i slutten av tenåra fekk påvist koronasmitte tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert ikkje opplyst om det er snakk om to elevar ved Os vidaregåande skule, eller ikkje.

Ingen i karantene

— Kva er årsaka til at kommunen opplyser om smitte på andre skular, men ikkje har sagt noko om dei to på Os vgs?

— Svaret er enkelt. Ingen av dei har vore på skulen i smitteførande periode, og då utløyser det ikkje karantene hos verken medelevar eller tilsette, forklarer Klaus Melf.

Han fortel at kommunen berre går ut med informasjon om smitta elevar når det kan ha betydning for vidare smitte.