Situasjon oppstod: Det skal ha oppstått ein situasjon då to jenter i tenåra trefte på ein mann i 80-åra måndag. Dei to tenåringane oppfatta seg truga av mannen.

To jenter på hest opplevde seg truga

Mistenkte er ein mann i 80-åra.

Måndag ettermiddag klokka 15.25 fekk politiet melding om ei sak på Moberg.

To jenter i tenåra skal ha kome ridande på hest og møtt på ein mann i 80-åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Jentene opplevde hendinga som trugande. Politiet har oppretta sak på forholdet, og undersøkjer om det er skjedd noko straffbart, skriv politioverbetjent Christine J. Grindstein ved Bjørnafjorden politistasjon.

Laserkontroll på E39

I vel éin time hadde politiet trafikkontroll i 70-sona på Halhjemsvegen måndag formiddag.

— Det blei skrive ut sju forenkla førelegg. Høgaste fart var 85 km/t, skriv Grindstein.