Korona: Totalt sju personar fekk påvist covid-19 mandag. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

To kvinner i 30-åra smitta igår

Endå to personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går, mandag 16. november.

Det melder Bjørnafjorden kommune i dag, tysdag føremiddag.

Dei to nye smittetilfella kjem i tillegg til dei fem som vart melde om igår.

Dei to nye er:

Kvinne i 30-åra. Ukjend smitteveg. Nærkontaktar er varsla.

Kvinne i 30-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune. Nærkontaktar er varsla.

Totalt testa altså sju personar i kommunen vår positivt for covid-19 i går.