To nye tilfelle: To kvinner testa positivt for korona tysdag.

To kvinner i slutten av tenåra smitta tysdag

Eitt av tilfella har samband med utbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule.

To personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, tysdag 11. mai.

Det opplyser kommunen på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den fyrste er ei kvinne i slutten av tenåra. Ho er i nær familie med ein smitta 8.-klassing ved Os ungdomsskule. Tilfellet utløyser ingen nye nærkontaktar.

Også den andre personener er ei kvinne i slutten av tenåra. Smittevegen er kjend, og nærkontaktar er varsla.

Oppsummert

Så langt er totalt 30 smittetilfelle knytte til utbrotet på 8. trinn ved Os ungdomsskule: 23 elevar, seks husstandsmedlemmer og ein lærar.

8. trinn ved Os ungdomsskule er delt i fem parallelle klassar. Alle dei smitta elevane går i to av desse klassane.