To nye: Den eine smitta har ukjend smitteveg. Foto: Kenneth Svenningsen

To nye smitta søndag

To personar fekk søndag stadfesta covid-19 smitte i Bjørnafjorden kommune.

Den eine er ein mann i 20-åra. Han er nærkontakt til ein person som tidlegare har fått påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune. Nærkontaktar er varsla.

Den andre er ei kvinne i slutten av tenåra. Her er smittevegen ukjend. Nærkontaktar er varsla.

Det melder kommunen på si heimeside.