Låg terskel: Kommunen ber kundar som var innom Apotek 1 på Amfi Os tysdag ha låg terskel for å testa seg.

To nye smitta torsdag

To personar fekk påvist covid-19 i går.

Ein mann i 70-åra fekk torsdag påvist covid-19.

Han er nærkontakt til ein person som tidlegare har fått påvist smitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen var i karantene og det er difor ingen fleire nærkontaktar.

Den andre smitta er ein mann i 60-åra.

Her er smittevegen ukjend, og nærkontaktar er sett i karantene.

Var du på Apotek 1 Amfi Os på tysdag?

Ein kunde ved Apotek 1 på Amfi Os (apoteket i andre etasje) har seinare fått påvist covid-19.

Apoteket har svært gode smittevernrutinar, og risikoen for smitte er derfor låg.

— Men dersom du var innom apoteket frå klokka 12 og utover ettermiddagen, skal du vere ekstra merksam på eventuelle symptom og ha låg terskel for å testa deg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.