Nærkontaktar: Begge blei testa som nærkontaktar etter at ein tilsett ved same avdeling fekk påvist smitte torsdag.

To nye smittetilfelle ved Lurane: - Vi kjem til å testa hyppig

Éin tilsett og ein bebuar ved Luranetunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19.

Begge blei testa som nærkontaktar etter at ein tilsett ved same avdeling fekk påvist smitte torsdag. Det opplyser kommunen.

Les også
Ein tilsett ved Luranetunet har fått påvist smitte - er fullvaksinert

Bebuarar og tilsette ved den aktuelle avdelinga blei rutinemessig testa som nærkontaktar. Så langt i dag har altså to nærkontaktar testa positivt: éin bebuar og éin tilsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den smitta tilsette er ikkje vaksinert. Den smitta bebuaren er fullvaksinert. Ho har ingen symptom og er i god form, uttaler assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale, til kommunen sine nettsider.

Nordvik Dale seier at det er svært liten risiko for at ein fullvaksinert person utviklar alvorleg sjukdom.

– Dei smitta er isolerte. Vi kjem til å testa hyppig, men sjukeheimen og avdelinga kan driva som vanleg. Vi har diskutert dette med Folkehelseinstituttet, som er einige i vår avgjerd, legg han til.

Han konstaterer at «det kan verka overraskande at fullvaksinerte blir smitta».

– Vaksinen gir 95 prosent beskyttelse, men det er altså likevel fem prosents sjanse for at ein kan bli smitta - og smitta vidare. Heldigvis beskyttar vaksinen òg godt mot utvikling av alvorleg covid-sjukdom, seier Nordvik Dale.