Nye tilfelle: Den eine av dei to smitta har vore på jobb på Kiwi Idrettsvegen på Os.

To nye tilfelle av covid-19 onsdag - begge har vore på jobb ved Kiwi Idrettsvegen

To kvinner i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19.

Begge to har same smittekjelde i ein annan kommune, opplyser kommunen på sine heimesider.

Nærkontaktar i Bjørnafjorden er varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei to smitta har vore på jobb på Kiwi Idrettsvegen på Os i perioden frå torsdag 10. september til og med laurdag 13. september, opplyser kommunen.

Personar som har vore i denne butikken i det aktuelle tidsrommet må vera ekstra merksame på symptom på koronasmitte. Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, skal du testa deg for korona.