To påviste tilfelle av covid-19 onsdag

Ukjend smitteveg: Begge dei to tilfella har ukjend smitteveg.

Det opplyser kommunen.

Ei kvinne i slutten av tenåra frå Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i går, onsdag. Smittevegen er ukjend. Nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune er varsla og sette i karantene, opplyser kommunen.

Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har fekk også påvist covid-19 i dag. Smittevegen er ukjend. Nærkontaktar er varsla og sette i karantene.