To personar: Oversikta for førre veke viser at to personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden.

To personar fekk påvist covid-19 førre veke

Den eine hadde ukjend smitteveg.

Det opplyser Bjørnafjorden kommune som rapporterer koronastatus til Statsforvaltaren kvar veke. Rapporten inneheld mellom anna smittetal, risiko for smitteauke og negative konsekvensar for innbyggarar og tenester.

Oversikta for førre veke viser at to personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den eine var ein ungdomsskuleelev. Her var smittevegen kjend. Vedkomande var delvis vaksinert. Uvaksinerte medelevar blei oppmoda til å testa seg og følgja godt med på eventuelle symptom.

Det andre tilfellet var ei kvinne i 50-åra. Her var smittevegen ukjend. Kvinna var fullvaksinert.

Teststasjonane i Bjørnafjorden tok om lag 200 PCR-testar sist veke.

– Kommuneoverlegen melder elles om god kapasitet på personell og utstyr, låg risiko for smitteauke og negative konsekvensar for innbyggarar og tenester, og at det ikkje er behov for tiltak utover grunnleggjande smittevernråd, opplyser kommunen.