Fleire trafikale hendingar: Det har vore mykje for politiet å ta hand om i trafikken i helga.

Tok beslag i førarkort: Ung mann skulle nå ei ferje

— Han erkjente å ha køyrd for fort, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Det har vore ei travel helg for politiet. Det er kome inn fleire meldingar om forstyrring av nattero. Det har også vore nokre hendingar knytt til trafikk.

Ein mann midt i 20-åra blei stansa etter gjennomsnittsmåling på Søfteland natt til måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Han blei målt til 92 km/t i 60-sona. Han erkjente å ha køyrd for fort, og forklarte at han skulle nå ei ferje. Den trur eg aldri han kom med, for førarkortet hans blei beslaglagt, fortel Lyssand.

Ein ung gut på ein lettmotorsykkel, blei laurdag morgon stansa på Nore Neset. Han skal ha hatt ein snittfart på 65 km/t i 50-sona. Han fekk kroner 4.050 i bot to prikkar på førarkortet.

Politiet fekk også melding om fem lettmotorsyklar som køyrde fort, og som trassa eit innkøyringsforbod-skilt ved Oseana.

— Politiet rykte ut. Ungdomane på staden hevda ikkje å ha gjort noko gale. Dei fekk munnleg åtvaring og blei bedne om å køyra forsiktig.

Fredag skal ei kvinne i ein bilist ha blitt rygga på av ei anna kvinne.

— Fornærma er fødd på 1980-talet og mistenkte er fødd på 1930-talet. Ho som skal ha rygga på, har gjerne ikkje merka at det skjedde. Ho køyrde i alle fall frå staden. Fornærma fekk tatt registreringsnummeret. Det skal ha vore nokre striper på bilen. Saka blir følgt opp.

Laurdag blei ein bil tatt i gjennomsnittsmåling på Ulven. Sjåføren fekk eit forenkla førelegg, etter å ha køyrd i 57 km/t i 50-sona.