Ti fartssyndarar: Utrykkingspolitiet tok ti fartssyndarar på Hatvikvegen fredag kveld.

Tok ti fartssyndarar på Hatvikvegen

Det var mange bilistar som fekk eit forenkla førelegg etter å ha køyrd for fort på Hatvikvegen fredag kveld.

Det var utrykkingspolitiet som gjennomførte fartskontrollen i 50-sona på Hatvikvegen.

Vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor fortel at totalt ti bilistar blei vinka inn til sida etter å ha køyrd for fort.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den som køyrde fortast blei målt til 69 km/t.

Påkøyrd katt

Laurdag morgon fekk politiet inn melding om ein påkøyrd katt på Halhjemsvegen, mellom Lepsøykrysset og Lunde/Lekven-krysset.

– Politiet var ikkje på staden, men vegtrafikksentralen er varsla. Katten skal ha vore lys og spraglete. Om nokon saknar katten sin, kan dei kontakta anten politiet eller vegtrafikksentralen, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.