Startar gjenopning: Statsminister Erna Solberg listar opp tre grunnar til at ein no kan starta gjenopninga.

Tometeren blir skrota – no gjeld einmetersregelen igjen

Statsminister Erna Solberg (H) varslar at det igjen skal vera einmeteren som gjeld for avstanden nordmenn må ha mellom kvarandre.

Då tiltaksnivået vart stramma inn før påske, gjekk vi frå 1 til 2 meter i avstandskrav. I første trinn av gjenopninga av Noreg blir dette reversert, slo statsministeren fast på ein pressekonferanse tysdag.

Dermed er det igjen einmetersregelen vi har vorte kjende med sidan mars i fjor som er gjeldande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vil likevel vera krav til to meters avstand mellom grupper på enkelte arrangement.

Tre grunnar

Solberg seier det er tre grunnar til at ho føler seg trygg på å starta gjenopninga av Noreg no.

– Då eg gjorde greie for Stortinget, sa eg at vi ville basera oss på data ikkje datoar når vi skulle opna opp, og no er vi der at vi kan gjennomføra første steg av gjenopningsplanen, seier Solberg.

Det er utviklinga i smittesituasjonen og sjukdomsbyrda, kapasiteten i helsevesenet og talet innbyggjarar som er vaksinerte, som gjer at Solberg-regjeringa no vil opna opp.

– Tiltaka som vart innførte før påske, synest å ha god effekt. Difor reverserer vi desse tiltaka no frå og med fredag, seier Solberg.

Opphevar skjenkeforbod

Regjeringa opnar for skjenking fram til klokka 22 der det er matservering frå fredag.

Det nasjonale skjenkjeforbodet vart innført før påske.

Krav om matservering og skjenkestopp klokka 22 var òg gjeldande før 25. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein del kommunar har innført skjenkestopp lokalt.