Hans Kristian Sælen er tredjegenerasjons "Sælen-seljar" på Jernia P.M. Sælen. Han fortel at dei ligg an til eit rekordår med tanke på omsetnad.
Hans Kristian Sælen er tredjegenerasjons "Sælen-seljar" på Jernia P.M. Sælen. Han fortel at dei ligg an til eit rekordår med tanke på omsetnad.

Toppar rekordåret 2014

Jernia Sælens vekst let seg ikkje påverka av all gravinga i sentrumsgatene. Rekordomsetnaden i 2014 ligg an til å bli grusa av tala for 2015.

- Både omsetnaden og talet kundar som er innom butikken aukar, seier Hans Kristian Sælen (25).

Han er veslebror til Paul Sigurd Sælen som no er dagleg leiar i butikken. Dei to jobbar tett saman, og er tredjegenerasjons Sælen som driv butikken på Osøyro.

Artikkelen held fram under annonsen.

Upåverka av gravinga

25-åringen fortel at dei var spente på korleis året kom til å bli. Gravearbeidet som har pågått i sentrum dei siste månadene, har gjort at tilkomsten til butikkane ikkje har vore like enkel som tidlegare. Det ser i alle fall ikkje ut til å ha påverka kundane som handlar på jarnvarebutikken. Familien Sælen trudde ikkje at 2015 kunne toppa rekordåret 2014. Men med eit par månader att av året, ligg dei an til å gjera nettopp det.

- Det er litt spesielt at kundeflyten i butikken ikkje har blitt råka av all gravinga i sentrum, seier Hans Kristian.

Etter å ha studert tala, kom han fram til at omsetnaden per no er 15 prosent betre enn i fjor.

Sjølv om det har vore mykje graving i sentrum dei siste månadene, har Hans Kristian og dei andre på Jernia Sælen hatt nok av kundar å ta hand om.
Sjølv om det har vore mykje graving i sentrum dei siste månadene, har Hans Kristian og dei andre på Jernia Sælen hatt nok av kundar å ta hand om.

Fokus på sørvis

I desse dagar er maling, Bosch-verktøy og Stihl-maskiner blant det som sel mest i butikken.

- Kva trur du er grunnen til veksten og at folk vel å handla på Sælen?

- Det er vanskeleg å seia. Me har stort fokus på sørvis og god oppfølging. Kundane skal få svar på det dei lurar på, og det skal alltid vera nokon på jobb som har kontroll på absolutt alt, smiler Hans Kristian.