Engelsk variant: – Vi har i tillegg fått stadfesta at éi av dei to positive prøvane frå tysdag er av den engelske koronavarianten, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.

Totalt tre nye smittetilfelle påvist torsdag

Tre personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden torsdag. Éin av dei er eleven på Nore Neset ungdomsskule.

Det opplyser kommunen.

Det eine tilfellet er eleven på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule, som me skreiv om i går. Her er smittevegen ukjend. Elevar og lærarar som er nærkontaktar er sett i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Eleven gjekk i karantene då symptoma starta og har gjort alt rett
Les også
68 elevar ved Nore Neset ungdomsskule må i karantene

Det andre tilfellet er ei kvinne i 40-åra. Ho er i same husstand som eleven ved Nore Neset ungdomsskule. Også her er smittevegen ukjend. Nærkontaktar av vedkomande er sett i karantene.

Det tredje tilfellet er ein ungdom i slutten av tenåra. Vedkomande er elev ved vidaregåande skule i Bergen. Smittevegen er kjend og nærkontaktar i karantene, ifølgje kommunen.

Les også
To nye tilfelle av covid-19. Begge er importsmitte

– Vi har i tillegg fått stadfesta at éin av dei to positive prøvane frå 23. februar er av den engelske koronavarianten. Dette dreier seg om ein person som kom frå utlandet, og blei testa ved ankomst på Flesland. Han har ein nærkontakt i same husstand, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf til kommunen sine heimesider.