Kontroll: I tillegg til å kontrollera køyretøy, tok vegvesenet stikkprøve av beltebruk i buss. – Beltebruk i buss kunne absolutt ha vore betre, fortel Knut Sylta.

Fekk bruksforbod for manglande lastsikring

Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll på Halhjem og Hjellmarka torsdag. Dei valde å sjå nærare på 25 køyretøy.

– Vi kontrollerte både lette og tyngre køyretøy, og stoppa totalt 33 køyretøy. 25 av desse tok vi ein nærare kontroll av, fortel Knut Sylta i Statens vegvesen.

Resultatet av kontrollen vart ti skriftlege manglar og to bruksforbod – eitt for manglande lastesikring og eitt for ikkje å medbringa vognkort på utanlandsk-registrert semitrailer. Dette fekk føraren 500 kroner i gebyr for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre sjåførar fekk gebyr for manglande kjetting. Det blei også gitt ut to skriftlege og ei munnleg åtvaring for brot på køyre- og kviletid-reglane.

Sylta fortel at dei i tillegg tok nokre stikkprøver på beltebruk i buss, og informerte kring dette.

– Bruk av belte i buss kunne absolutt ha vore betre, fortel Sylta.