Trafikkuhell: Trafikkuhellet skal ha skjedd i nærleiken av Kaland skule.

Trafikkuhell ved Kaland skule. Påkøyrsel bakfrå

Like før klokka 16 vert det meldt om eit trafikkuhell på Osvegen, ved Kaland skule.

– Kun sjåførar i bilane. Det er ikkje nemnt personskade. Bilane er flytta inn på eit busstopp, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Vidare vert det opplyst om at trafikken flyt sakte forbi ulukkesstaden, men at det er noko kø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet er på veg, skriv Vest politidistrikt.