Kolliderte: Ein mann skal ha køyrd av vegen og treft ein lyktestolpe ved skulen på Søfteland.

Trafikkulukke ved Søfteland skule: Skal ha køyrd i lyktestolpe

Ambulansepersonell ser til mann i 70-åra. Han skal ha vore den einaste involverte i ulukka.

Rett etter klokka 17.30 onsdag kveld, skal ein bil ha køyrd av vegen ved Søfteland skule. Det blei først meldt frå Vest politidistrikt sin Twitter-konto at det var to involverte i ulukka. Det blei kort tid etter retta til at det berre var ein mann involvert i ulukka. Mannen, som er i 70-åra, blei sjekka av ambulansepersonell på staden, opplyser politiet på Twitter.

Førarkortet er beslaglagt. Bilen skal ha blitt ståande i gangfeltet ved skulen, men trafikken er opplyst å passera greitt.