Stengd: Det er i skrivande stund stengd over Søvikåsen, grunn tre som heng over vegen. Foto: Benjamin Søgnen Olsen Foto: arkiv

Tre heng over vegen: Søvikåsen stengd inntil vidare

Det melder kommunen om søndag kveld.

Ole Bulls veg (Søvikåsen) blei stengd klokka 20.00 søndag kveld grunna tre som heng over vegen.

Kommunen opplyser om at dei kjem til å koma med ny informasjon så snart vegen opnar for trafikk igjen.

Les også
Bil vippar på murkant: Personane har komne seg ut

Tidlegare søndag var det ei ulukke på den andre vegen ut til Hellebakkane og Drange. Ved Søvikvegen var det ein bilist som fekk problem og bilen blei liggjande på ein murkant. Vegen blei etter kvart opna igjen, og bilen stroppa fast, men så blei vegen stengd igjen grunna bilberging.

I 20.30-tida melde vegtrafikksentralen vest på Twitter at bilberging held på og at det kan ta litt tid før vegen opnar att.

OPPDATERT KLOKKA 21.33:

Søvikvegen skal no vera open for biltrafikk igjen etter bilbering.