Ikkje over: Koronasmitten er ikkje borte frå Bjørnafjorden kommune. I helga vart tre nye smitta.

Tre personar smitta i helga. Ein har ukjend smitteveg.

Tilsaman tre personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 i helga.

Fredag 9. april fekk ei kvinne i 40-åra og ein mann i 40-åra påvist smitte.

Paret er i same husstand og smittevegen for den som fyrst vart sjuk av dei to, er ukjend.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag 11. april fekk ei kvinne i 30-åra påvist smitte.

Her er smittevegen kjend.

Nærkontaktar er varsla og sett i karantene.