Sjukeheims-vaksiner: Bebuarar på sjukeheim vil bli vaksinerte der. Her frå då Svanaug Markhus fekk den aller fyrste vaksinedosen på Fusa-sida i januar.

Tredje vaksinedose til alle over 65 år: Slik går du fram

FHI tilrår personar over 65 år å ta ein tredje dose koronavaksine - ein såkalla oppfriskingsdose eller boosterdose.

Du kan bli vaksinert hos fastlege eller i Oshallen.

Det opplyser Bjørnafjorden kommune på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal vera eit intervall på minst 6 månader mellom andre og tredje vaksinedose.

Pfizer-vaksinen (Comirnaty) er den einaste som er godkjend som oppfriskingsdose, og dermed er det denne som vil bli gitt.

Om du er over 65 år og vil ha din tredje koronavaksinedose, kan du i Bjørnafjorden velja ein av to alternativ:

* Bestill time hos fastlegen din frå veke 44, altså 1.-5. november.

* Massevaksinasjon i Oshallen og Fjord'n senter 17., 18. og 19. november.

Nærmare klokkeslett kjem. Du kan bestilla time på førehand (timebestilling kjem) eller velja drop-in.

Bebuarane på sjukeheimane i Bjørnafjorden kommune som ynskjer tredje vaksinedose, vil få denne i løpet av veke 40 og 41.

Influensavaksine

Personar over 65 år er også anbefalt å ta influensavaksine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal vera minst ei vekes intervall mellom influensavaksine og koronavaksine.

Du kan ta influensavaksine hos fastlegen din frå veke 42 eller på massevaksinasjonen i veke 45.

Pass på at du bestiller timar for dei to vaksinane med minimum ei vekes mellomrom.